FANDOM


Sylfest Ande
Sylfestande
Persondata
Født: 19. september 1962 (57 år)
Auststedt
Nasjonalitet: Transnistrianas flagg Transnistriana
Parti: Det Nasjonale Bondeparti
Ektefelle: Cathrine Ande
Transnistrianas kulturminister
Periode: 2008–
Leiar i NBP
Periode: 2008–

Sylfest Ande (født 19. september 1962) er leiar i det Nasjonale Bondeparti. Han er kulturminister i Gagenstein-regjeringen, og er tidlegare styreleiar og spelemann, blant anna.

Han er med i den meir nasjonalistiske fløyen av partiet.


Karriere Rediger

Ande melde seg i 1974 inn i Bondeungdomen på initativ frå faren so då var nest-leiar i NBP og utanriksminister i Transnistriana. Han var aktiv i seks år før han tok ein fem års pause frå politkk og gjekk på høgskule i dei åra før han reiste verda rundt eit år, saman med ein kamerat og den dåverande kjærasten og underhaldte som spelemenn. I 1986 vart han igjen aktiv i det Nasjonale Bondeparti. Dette varte i to år som han var lokallags-leiar i Bauernalt NBP. I 1988 vart han styreleiar i Spelemannslaget, eit verv han hadde i to år før han tok jobben dagleg direktør i Ande A/L, familieselskapet. Denne jobben beholdt han til år 2000. Då gjekk Gudrunn Domås, som hadde vært kjærasten hans sidan 80-talet frå ham og Ande reiste opp til Bauern-fjella eit år for å koma over dette. Ifylgje kjelder kom han aldri over det men dette benektes av Ande sjølv. Etter kvart gjekk ting betre og han traff Cathrine Vikne, og eit år seinare gifta dei seg og fekk tvillingar i 2004.


Sylfestogcathrineande

Sylfest Ande og Cathrine Ande i folkedraktar(dalbunaþur) frå deira herrader. Sylfest Ande frå Auststedt og Cathrine Ande frå Løyke Herrad.


I 2005 vart han igjen aktiv i politikken men denne gongen for alvor. Han vart igjen leiar i Bauernalt NBP og etter eit ekstraordinært lokalval i 2006 vart han ordførar i Bauernalt.


I 2008 vart han spurt om å verta kulturminister av Åslaug M. Gagenstein og han takka ja til det, ettersom det i år er kommune og fylkesval og han ynskja ikkje attval i år, men ynskja seg ein fast plass på tinget.

Det spekulerast au i om han kjem til å verta statsminister-kandidat når den tid kjem.


Leiar i Det Nasjonale Bondepartiet Rediger

Etter det ekstraordinære landsmøte vart Sylfest Ande vald til ny leiar av partiet. Med 7800 røyster for og 2200 røyster til motkandidat og fetter Astor Anda. Han valde å fortsetja som kulturminister, sjølv om nasjonale medier[1][2][3][4][5][6] meinte at han burde ta statsministerposten frå Åslaug M. Gagenstein. Det vart au bestemt at Anders Semjen fortset i hovudstyret i NBP, men han trekk seg som finansminister. Ny finansminister vart overaskande nok Aldur Valderson leiar i Kongelege Patriotars Front, etter ei diskusjon i regjeringa. Mange meiner at Ande hadde noko med dette å gjere ettersom han lenge har støttet eit samarbeid mellom Det Nasjonale Bondeparti, Kongelege Patriotars Front og Kristeleg Folke Front.

Spekulantar trur au at han vil innlemma Folkepartiet inn i eit samarbeid etter neste val. Ettersom han personleg har sagt seg einig i mange av Fps verdiar, og at han ynskjer ei tilnærming mellom dei fire partia tidlgare nemnt. Dette har Åslaug M. Gagenstein sagt seg særs ueinig i, men får ikkje støtte frå Hovudstyret i NBP og er einaste av ti hovudstyremedlemmar som har sagt imot dette. Og det har vorte spekulert i om det er planar om å "fusjonera" men dette er so langt blitt avkrefta.

Familie Rediger

Sylfest Ande er son av Ferdafest Ande og Tuva Ande. Han er gift med Cathrine Ande og har to born.

Cathrine Ande sit på Bondetinget ho au for det Nasjonale Bondeparti.

Han er fetteren åt Astor Anda.

Referanser Rediger

  1. Nasjonalisten, 21. oktober 2008
  2. Bonden, 20. oktober 2008
  3. Folk og Land, 21. oktober 2008
  4. Saron!(Medlemsblad åt Saron), 21. oktober 2008
  5. Heim og Land, 21. oktober 2008
  6. Nasjonal Gang, 21. oktober 2008
Community content is available under CC-BY-SA unless otherwise noted.