FANDOM


Aldur Valderson
Aldur
Persondata
Født: 19. september 1951 (68 år)
Bygda, Bygdadal fylke
Nasjonalitet: Transnistrianas flagg Transnistriana
Parti: Kongelege Patriotars Front
Ektefelle: Vigdis Vallasdottir
Leiar i Kongelege Patriotars Front
Periode: 2008–
Finansminister i Transnistriana
Periode: 2008–
Forgjenger: Anders Semjen
Signatur
Aldurskrift

Dr. Aldur Valderson (fødd 19. september 1949) er ein transnistriansk politikar, finansminister, og leiar i Kongelege Patriotars Front.

Det er truleg at han kjem inn på Bondetinget etter neste val, og dette er nok ein mann me kjem til å se meir til.

Bakgrunn Rediger

Aldur Valderson vart fødd 19. september 1949 i Bygda, Bygdadal fylke. Mora hans var ei lærerinne medan faren, Valder Askarson var sentralbankdirektør i Transnistrian Bank frå 1938 til 1958. Familien var ein konservativ kristen, monarkistisk familie og barna gikk på kristne skular igjenom heile oppveksta.

I 1973 gjekk han ut med toppkarakterar og doktorgrad i samfunnsvitskap ifrå Benjaminstadts Universitet i Wulgeria. Han hadde då skreve hovudoppgåva si Monarkiets plass som han etter kvart redigerte og fiksa på og til slutt vart ho utgjeven som ei bok. Denne boka vart igrunnen forbode i Transnistriana, grunna Georgij Arnov sitt einevelde som president. Men i røynda vart ho seld hemmeleg til rundt tri millionar menneske det fyrste året ho var i sal. Ho er fortsatt i sal og har vorte lest av rundt ein tredjedel av befolkninga i Transnistriana.

Kariere Rediger

Aldur Valderson vart i 1965 medlem i Kongeleg Patriotungdom, og vert i 1966 leiar. Etter mange år i Kongeleg Patriotungdom vart han generalsekretær i Kongeleg Patriot Forbund, ein jobb han hadde heilt opp til 5. juni 2008, da han vart leiar og skipar av Kongelege Patriotars Front.

I tillegg er Valderson sjefsredaktør i Kongen og Landet og medredaktør i Heim og Land.

Kongelege Patriotars Front Rediger

Aldurskipar

Aldur Valderson under skipinga av Kongelege Patriotars Front

Den 5. juni 2008 skipa Valderson det politiske partiet Kongelege Patriotars Front som er eit monarkistisk politisk parti i Transnistriana. Han skipa det saman med mange medlemar av Kongeleg Patriot Forbund. Han valde Ådðnigur Ágústsson til å vera nest-leiar i partiet.

Det er venta at ein får se mykje til Valderson og partiet hans i transnistriansk politikk framover i tida.

Familie Rediger

Aldur Valderson er gift med artisten Vigdis Vallasdottir, og dei har seks born saman. Vigdis Vallasdottir er au medlem i Kongelege Patriotars Front medan den eldste sonen deira, Leifur Aldurson, har meldt seg inn i Demokratisk Folkeungdom, ungdomspartiet åt Demokratisk Folkeparti som er eit lite liberalkonservativt parti i Transnistriana med nokre få herradsfolk rundt omkring i landet. To av døtrene, på henhaldsvis 13 og 18 år er medlemar i Bondeungdomen. Den mellomste sonen deira er topp-fotball spelar for Tiraspol Idrottslag. Den eldste dottera studerar for tida i Skatval av ein eller annan grunn.

Dei bur i utkanten av Tiraspol.

Community content is available under CC-BY-SA unless otherwise noted.